Kim Jong-un fekk finare tittel i partiet

(NPK-NTB-AFP-AP): Kim Jong-un har leidd Nord-Koreas kommunistparti sidan han tok over makta etter far sin, men no har han fått ein finare tittel.

Utnemninga av Kim som formann – ikkje berre førstesekretær – av kommunistpartiet skjedde måndag under det som er det første landsmøtet til partiet på 36 år.

Møtet var først og fremst mynta på å byggja opp under den unge leiaren. Lokalet var pynta med raude banner med logoen til partiet og bilete av faren og farfaren til Kim, som begge har leidd partiet tidlegare.

Ei gruppe utanlandske journalistar fekk vera med på landsmøtet. Reisa har likevel skjedd under svært kontrollerte former, og ein av dei – BBC-journalisten Rupert Wingfield-Haynes, har blitt sendt heim fordi han «snakka veldig stygt om systemet og leiarskapet» i landet.

– Han kjem aldri til å få sleppa inn for å rapportera frå landet, seier ein talsmann frå fredskomiteen i landet. (©NPK)