Kina droppar automatisk børsstopp

(NPK-NTB-AFP-Reuters): Kina droppar den nyleg innførte ordninga med automatisk stopp i børshandelen når kursane fell sterkt.

Det melder det offisielle nyheitsbyrået Xinhua. Ordninga, som har vore på plass sidan nyttår, blir fjerna frå fredag.

Mekanismen vart innført for å gi investorar og meklarar ein tenkjepause når kursane rasar. Tanken var at dette skulle hindre ukontrollert børspanikk. Det verka ved å avbryte handelen i 15 minutt når aksjeindeksen fall meir enn 5 prosent, og stoppa handelen for dagen heilt når fallet var over 7 prosent.

Ein del analytikarar har kritisert mekanismen, og meiner han fører til at børsfallet i Kina har vorte brattare enn det som elles ville vore tilfellet.

Finansmarknadane i Europa reagerte positivt då nyheita vart kjent. Den felleseuropeiske FTSEurofirst 300-indeksen var ved 16-tida ned 2,5 prosent, etter eit fall på heile 3,6 prosent tidlegare torsdag. (©NPK)

Annonse