Annonse

Kina får skulda for mystisk utslepp av ozon-skadeleg gass

Ein mystisk auke i klorfluorkarbon-gassen KFK-11, som skadar ozonlaget, har vorte spora til det nordaustlege Kina, ifølgje ny forsking.

Australske og internasjonale forskarar står bak studien. Dei konkluderer med at opptil 60 prosent av den globale auken i KFK-11-utsleppa sidan 2013 stammar frå provinsane Shandong og Hebei i Kina.

KFK-11 vart tidlegare brukt i produksjon av kjøleskap, som drivgass i sprayboksar og som isolasjonsmateriale. Men stoffet vart fasa ut etter at det viste seg at det bidrog til skadar på ozonlaget og auka UV-stråling.

Etter at utfasinga vart nedfelt i Montrealavtalen i 1987, har konsentrasjonen av KFK-11-gass i atmosfæren falle kraftig.

Men så byrja plutseleg utsleppa å auke igjen. I perioden mellom 2014 og 2017 var dei årlege utsleppa 7 millionar kilo høgare enn i 2008-2012, ifølgje den nye studien som vart publisert i forskingstidsskriftet Nature onsdag.

Auken vart først kjent gjennom ein studie publisert i same tidsskrift i fjor, utan at opphavet til dei auka KFK-11-utsleppa då var kjent.

I ein rapport frå den britiske organisasjonen Environmental Investigation Agency i fjor vart det hevda at minst 18 selskap i ti kinesiske provinsar dreiv fabrikkar som bruker KFK-11 i produksjonen av isolasjonsskum til bygningar.

Forskarane bak den nye studien har brukt atmosfæriske observasjonar frå byane Gosan i Sør-Korea og Hateruma i Japan, som begge ligg aust for Kina. Dette har vorte samanlikna med globale overvakingsdata og modellar for forflytting av gassar for å finne kjelda til auken.

- Denne forskinga identifiserer hovudkjelda for nye KFK-11-utslepp i det austlege Kina, sannsynlegvis på grunn av ny produksjon av isolasjonsskum, noko som ikkje er tillate etter Montreal-protokollen, seier Paul Fraser, ein av forskarane som har deltatt i arbeidet.

(©NPK)

Utslepp av KFK-gassar skadar ozonlaget, som i periodar er særleg tynt over Antarktis. Bildet er tatt ved den norske forskingsstasjonen Troll i Dronning Mauds land i Antarktis. Foto: Tore Meek / NTB scanpix