Kina: Tilliten til USA er svekt
(NPK-NTB-Reuters): Den innbyrdes tilliten mellom Kina og USA er svekt etter at eit amerikansk krigsskip denne veka patruljerte nær fleire holmar og skjer som Kina gjer krav på i Sørkinahavet.
Det har Kinas utanriksminister Wang Yi slått fast i ein telefonsamtale med sin amerikanske kollega John Kerry, melder kinesisk TV.
Det amerikanske hangarskipet USS Theodore Roosevelt oppheld seg no i Sørkinahavet, der Kina har bygd ut fleire holmar og skjer til protestar frå andre asiatiske land. (©NPK)