Kina: Vil ikkje nøle med å gå til krig viss Taiwan erklærer sjølvstende

Beijing vil «ikkje nøle med å starte krig» viss Taiwan erklærer sjølvstende, seier ein talsperson for det kinesiske forsvarsdepartementet fredag.

– Viss nokon vågar å splitte Taiwan og Kina, vil den kinesiske hæren definitivt ikkje nøle med å gå til krig, same kva det vil koste.

Det var ifølgje talsmann Wu Qian bodskapen som den kinesiske forsvarsministeren Wei Fenghe hadde i møtet med den amerikanske forsvarsministeren Lloyd Austin fredag.

Dei to forsvarsministrane møtte kvarandre for første gong fredag i Singapore.

Vil smadre sjølvstende-komplott

I møtet skal Wei også ha sagt at Beijing vil «smadre et taiwansk uavhengighets-komplott». Kina vil ikkje vike ein tomme frå å «sikre enheten i moderlandet», heiter det vidare.

Austin sa på si side at Kina må avstå frå fleire destabiliserande handlingar mot Taiwan, ifølgje det amerikanske forsvarsdepartementet.

Auka spenningsnivå

Austin og Wei deltek begge på det årlege tryggingstoppmøtet Shangri-La Dialogue i Singapore, som starta fredag og varer til søndag.

Beijing reknar den sjølvstyrte øya som kinesisk territorium og lovar å ta kontroll ein dag, om nødvendig med makt. Spenningsnivået har auka kraftig den siste tida, ikkje minst på grunn av stadige kinesiske flygingar inn i luftforsvarssona på øya.

USAs president Joe Biden såg på si side ut til å bryte med etablert amerikansk politikk då han i mai sa at USA vil forsvare Taiwan militært viss Kina går til angrep. Det kvite hus rykte ut i etterkant og sa at USAs «strategiske tvitydnad», der dei ikkje svarer klart på dette spørsmålet, ikkje er endra.

(©NPK)

USAs forsvarsminister Lloyd Austin har fredag møtt Kinas forsvarsminister Wei Fenghe. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB

Annonse