Annonse
Annonse
Annonse

Kinas første eigenproduserte passasjerfly skal omsider fly passasjerar

Den første kommersielle flyginga med Kinas eigenproduserte passasjerfly C919 finn stad denne helga, i regi av China Eastern Airlines.

Annonse

Flight MU9191 tek etter planen av frå Shanghai Hongqiao International Airport søndag formiddag og landar litt over to timar seinare i Beijing.

Flytypen C919 er utvikla og bygd av den statseigde kinesiske flyprodusenten Comac. Utviklinga starta i 2008, og tre år seinare vart flyet sett i produksjon. Den første testflyginga skjedde i 2017, og sidan har Comac jobba med å få på plass kinesisk og internasjonal godkjenning.

China Eastern Airlines har førebels bestilt fem fly av typen og fekk det første i desember. Turen søndag blir sett på som ein milepæl i kinesisk luftfart.

Kinesiske styresmakter håpar C919 vil bryte monopolet til europeiske Airbus og amerikanske Boeing, og at det nye flyet vil bli ein sterk konkurrent til modellane deira A320 og 737.

C919 har plass til 164 passasjerar. Sjølv om flyet er utvikla og bygd i Kina, består det i stor grad av vestlege delar. Motorane og styringssystema kjem frå selskap som GE, Safran og Honeywell International.

(©NPK)