Annonse

Kinas landslag i fotball må reise langt for å spele «heimekampar»

Det kinesiske landslaget i fotball for kvinner og menn må ut på lange reiser for å spele heimekampar i høvesvis OL- og VM-kvalifisering den næraste tida.

Årsaka er frykt for ytterlegare spreiing av koronaviruset. Det er no vedtatt at Kina skal spele heimekampen mot Sør-Korea i semifinalen til OL-kvalifiseringa 11. mars i Sydney i Australia.

Det kinesiske landslaget for menn skal på si side spele heimekampane sine i VM-kvalifiseringa mot Maldivane og Guam i Thailand. Dei kampane blir spelte i Buriram i slutten av mars.

Heile OL-kvalifiseringa skulle opphavleg bli gjennomført i Wuhan, der covid-19-viruset først vart oppdaga, men vart tidleg flytta derfrå. Semifinalane blir i staden gjennomførte med heime- og bortekampar, men for Kina skjer det langt heimanfrå.

Same dag som Kina speler i Sydney, speler Australia returkampen sin mot Vietnam i Newcastle nokon mil nord for storbyen. Dei to samanlagtvinnarane blir Asias representantar i OL-turneringa saman med vertsnasjonen Japan.

Førebuingane til sommarleikane i Tokyo held uforstyrra fram sjølv om enkelte har kasta tvil over arrangementet. Det forsikra ein talsmann for arrangøren fredag.

(©NPK)

I kampen for å komme seg til Tokyo-OL må Kinas kvinnelandslag i fotball reise heilt til Sydney for å spele «heimekamp» i kvalifiseringa. Årsaka er frykt for koronaviruset, og fredag såg arrangøren av Tokyo-leikane seg tvungen til å rykke ut med ei forsikring om at førebuingane går etter planen. Foto: Jae C. Hong, AP / NTB scanpix