Annonse

Kinobransjen: Dagens maksimaltal er uforsvarleg

Dagens maksimaltal i kinosalane er øydeleggjande for Kino-Noreg, meiner bransjeorganisasjonen Film & Kino.

Dagens maksimaltal i kinosalane er øydeleggjande for Kino-Noreg, meiner bransjeorganisasjonen Film & Kino.

Slik reglane er i dag er det sett ei avgrensing på 50 publikummarar per kinosal. Dette er uforsvarleg for Kino-Noreg, meiner bransjeorganisasjonen, som no har sendt brev til kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Dei påpeikar at det så langt ikkje er dokumentert smitte på norske kinoar, og fryktar konsekvensane for Kino-Noreg.

– Blir avgrensinga på 50 publikummarar uansett salstørrelse ståande, kan kinoane like gjerne lukke igjen. Dette er ein vanskeleg situasjon, seier administrerande direktør Guttorm Petterson.

Han meiner at inntil 200 i annakvart sete burde gjeninnførast snarast.

Petterson seier vidare at det med dagens regelverk er svært sannsynleg at fleire populære filmtitlar vil utsetje premierane sine.

– Dårleg kinotilbod og mangelfullt innhald gir elendig billettsal, seier Petterson.

(©NPK)

Dagens maksimaltal er øydeleggjande for Kino-Noreg, meiner bransjeorganisasjonen Film & Kino. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK