Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Tyske Marcel Kittel vann den 4. etappen i Tour de France. Alexander Kristoff feira 29-årsdagen med 5.-plass.
npk@npk.no
Publisert: 05.07.2016 kl 17:29
– Eg var i alle fall med. Eg skulle gjerne venta litt. Opptrekkaren min gjer ein veldig god jobb. Eg mangla litt bein, men det var nærare i dag, sa Kristoff til TV 2 etter målgang.
– Eg kunne godt venta litt til, men eg prøvde å ta hjulet til Ettix-ryttaren, men han stoppa ganske tidleg, og då vart det ikkje som eg hadde håpa på, sa bursdagsbarnet.
– Eg er jo ikkje her for å bli fem, men det er i alle fall betre enn i går.
– Eg er litt rørt akkurat no. Eg er veldig glad, og dette var omtrent som å vinne for første gong. Laget gjorde ein kjempejobb. Eg er storfornøgd med å vere tilbake i Tour de France igjen, sa Kittel.
Samanlagtleiar Peter Sagan tok tredjeplassen. Sondre Holst Enger tok sin andre strake sjetteplass.
Tempoet i feltet var vesentleg høgare enn på etappen måndag slik at det vart ein tøff dag for syklistane. Etappen var den lengste i år med sine 237,5 kilometer og hadde start i Saumur.
Ettersom ryttarane har kome inn i sentralmassivet i Frankrike var etappen litt meir kupert, men inneheldt berre ein liten fjerdekategori stigning.
Peter Sagan sikra seg eitt sprintpoeng meir enn Mark Cavendish på den innlagde spurten. Dei to fekk 11 og 10 poeng ettersom det var fire mann i brot. Ingen av nordmennene var framme og sikra seg poeng i kampen om den grøne poengsummen.
Kampen om den gule leiartrøya har på langt nær starta blant førehandsfavorittane. Onsdag er den første etappen med noko som liknar utfordringar for klatrarane med blant anna to andrekategori stigningar. (©NPK)