Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-DPA): Fleire Hollywood-stjerner støttar eit forslag om å gi Nobels fredspris til den syriske hjelpegruppa Kvite hjelmar. Forslaget fell saman med premieren på ein dokumentarfilm om gruppa.
npk@npk.no
Publisert: 15.09.2016 kl 13:01
George Clooney, Sacha Baron Cohen, Justin Timberlake og Alicia Keys er blant kjendisane som har gått ut med oppfordringa om at Kvite hjelmar bør få fredsprisen.
Dokumentaren om gruppa er produsert av strøymetenesta Netflix og har premiere fredag.
– Målet vårt er ikkje å få fredsprisen, men at krigen i Syria skal ta slutt og at sivile skal sparast for dette blodbadet, seier Ibrahim al Hajj, som er leiar for Kvite hjelmar i dei opprørskontrollerte områda aust i Aleppo. Han legg til at han er glad for at Hollywood-stjernene bidreg med merksemd til gruppa.
Kvite hjelmar blei stifta i 2013 og hjelper til i område av Syria der det ikkje er tilgang til nødhjelp. Blant anna grev dei overlevande ut av nedbomba bygningar.
Gruppa hevdar sjølv at dei har redda 60.000 liv i områda som er kontrollerte av opprørsgrupper. (©NPK)