Annonse

Kjerkol blir leiar i energi- og miljøfraksjonen i Arbeidarpartiets stortingsgruppe

Avgått helseminister Ingvild Kjerkol er vald til ny leiar i energi- og miljøfraksjonen i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet.

– Med Ingvild får vi ein dyktig og erfaren politikar på eit område som er svært viktig for Arbeidarpartiet. Både energipolitikken og miljø og natur er store oppgåver for både regjeringa og gruppa i tida framover, seier parlamentarisk leiar Rigmor Aasrud.

Sigurd Rafaelsen går inn som medlem i energi- og miljøkomiteen som vararepresentant for Marianne Sivertsen Næss.