Klargjør siden...

Kjerpeset klarte ikkje å ta seg til semifinale

(NPK-NTB): Øyvind Strømmen Kjerpeset vart nummer fem i det første heatet på 400 meter hekk under EM i friidrett i Amsterdam. Det heldt akkurat ikkje til semifinaleplass.

24-åringen har ein personleg rekord på 49,95, men var langt unna det då han sprang inn til 51,05 på 400 meter hekk i Nederland.

Dermed går semifinalane utan Florø-mannen.

Slovaken Martin Kucera var raskast av alle som sprang første runde på hekken. Han sprang inn til ny personleg rekord på 49,56. (©NPK)

Annonse