Klargjør siden...
Annonse

Klart for folkefest i Eliteserien – fleire utselde stadion

Eliteserierunden 16. mai blir kalla «Fotballens festdag», og i kveld vil namnet leve opp til ryktet sitt.

På mange av dei ulike arenaene rundt omkring vil det bli fleire folk og meir leven enn det vanlegvis er. Sju kampar blir spelte klokka 18, medan Vålerenga møter HamKam klokka 20.

Vikings kamp mot Jerv er utseld. Arenaen i Stavanger tek omkring 16.000 tilskodarar. Framfor «slaget om Nord-Noreg» opplyser Bodø/Glimt at Aspmyra er «så å seie» utselt. Det betyr omkring 8000 tilskodarar på plass.

Fylkesderbyet mellom Aalesund og Molde vart utselt søndag. Det betyr over 10.000 tilskodarar.

På Lerkendal er det selt over 18.000 billettar til kampen Rosenborg – Sandefjord.

Seint søndag kveld melde Vålerenga at over 13.000 billettar var selde til kampen mot HamKam. Klubben håpar på meir, og Dagsavisen melder at begge langsidene er utselde. Det fem år gamle stadionet vil setje rekord for ein 16. mai-kamp.

Kristiansund har selt 3900 billettar til kampen mot Strømsgodset, opplyser klubben til NTB. Den totale kapasiteten er på 4400 plassar.

Åråsen er også i ferd med å fyllast opp. Til NTB opplyser LSK at det er selt 8800 billettar til kampen mot Sarpsborg. Kapasiteten på Åråsen er 10.500.

Odd passerte 6000 billettar søndag. Haugesund er motstandaren i kveld.

Også i 1. divisjon blir det spelt kampar i kveld. Brann runda søndag 16.000 selde billettar til toppkampen mot Sandnes Ulf. Dei to gamle fotballgigantane Fredrikstad og Skeid møtest i Fredrikstad, medan Stabæk møter Grorud.

(©NPK)

Vikings heimearena er utseld før 16. mai-kampen mot Jerv.
Foto: Carina Johansen / NTB

Annonse