Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Investeringane i vasskraftverket Nedre Otta i Oppland blir på 1,2 milliardar kroner, opplyser utbyggjarane. Det skal etter planen stå ferdig våren 2020 og produsera nok kraft til over 15.000 husstandar.
npk@npk.no
Publisert: 06.09.2016 kl 19:40
Det er selskapet Eidefoss saman med ECO-Energi og Eidsiva – som eig Opplandskraft – som har vedteke å gjera milliardinvesteringa.
– Nedre Otta er eit prosjekt Eidefoss og Opplandskraft har arbeidd lenge med, og i dag er vi glade og stolte over at regionen kan ta del i ei slik stor og viktig utbygging. Utbygginga set regionen vår på kartet og vil gje store ringverknader for lokalt næringsliv, seier administrerande direktør Hans Kolden i Eidefoss i ei pressemelding tysdag.
Kraftverket får ein produksjon på 315 gigawattimar (GWh), av dei er 270 GWh ny produksjon. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.