Klargjør siden...

Klart Krf-nei til ny lov om kjønnsskifte

(NPK-NTB): Eit fleirtal av stortingspartia støttar regjeringa sitt forslag som gjer det mogleg å skifte kjønn utan diagnose, utan områdingstid og utan løyve frå begge foreldra for dei under 16 år. KrF er svært usamd.

Helse- og omsorgskomiteen gav tysdag si innstilling om lovframlegget om endring av juridisk kjønn.

– Høgre, Frp, Venstre og Ap støttar framlegget frå departementet i det store og det heile, medan KrF er imot, seier saksordførar i komiteen, Kristin Ørmen Johnsen, til NTB.

Senterpartiet er òg grunnleggjande usamd i fleire av punkta i lovendringa.

Saka skal opp til debatt på Stortinget for første gong måndag klokka 12.

– Der kjem alle synspunkt på bordet, det blir ein diskusjon som vil trekkje mange tilhøyrarar, spår Johnsen. (©NPK)

Annonse