Klargjør siden...

Klassekampen: Kværner-toppar uroa over betalingar til Unaoil

(NPK-NTB): Fleire av toppane i Kværner uttrykte uro over samarbeidet med det korrupsjonsmistenkte selskapet Unaoil, skriv Klassekampen.

Unaoil er dei siste dagane blitt knytt til ei omfattande internasjonal korrupsjonssak og var i åra 2007 til 2011 hyrt inn av Aker Kværner for å hjelpe til med å vinne kontraktar i Kasakhstan.

Kværner, som den gong var del av Aker Solutions, nektar å stå bak suspekte utbetalingar til selskapet. Dokument Klassekampen har fått tilgang til frå den australske avisa The Age, viser likevel at Unaoil-samarbeidet fleire gonger førte til uro i Aker Kværner.

Blant anna viser eit møtereferat frå mars 2010 at dåverande juridisk direktør Ole Moe uttrykte uro for om betalingane til Unaoil var i tråd med internasjonal korrupsjonslovgjeving. Han meinte summen ikkje stod i stil med jobben Unaoil hadde gjort for Aker Kværner.

Avisa har vore i kontakt med Moe. Han viser til Kværners kommunikasjonsavdeling, som ikkje ønskjer å gå nærare inn på møtelekkasjane.

«Ingen har belagt at Aker Kværner ikke opptrådte skikkelig og innenfor relevante rammer for god integritet i forbindelse med prosjektet i Kaspihavet. Vi finner det derfor ikke naturleg at vi kommenterer på tema for enkeltmøter», skriv kommunikasjonssjef Torbjørn Andersen. (©NPK)

Annonse