Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Tre kvinnelege klatrarar som vart sitjande fast på fjellet Skogshorn i Hemsedal tysdag kveld, er redda ned etter ein aksjon som gjekk føre seg gjennom natta.
npk@npk.no
Publisert: 03.08.2016 kl 07:10
Klokka 20.18 tysdag kveld melde politiet i Nordre Buskerud at dei jobba saman med luftambulanse og Langfjella alpine redningsgruppe for å redde ned dei tre klatrarane.
Redningsgruppa vart sett ned over klatrarane. Klokka 0.45 opplyste politiet på Twitter at redningsmannskapa hadde komme seg ned til klatrarane og hadde begynt nedfiringa frå fjellhylla.
Ved 5-tida onsdag morgon opplyser politiet til NRK at klatrarane er trygt nede frå fjellet. Redningsaksjonen, som gjekk føre seg det meste av natta, blir omtalt som svært utfordrande.
Skogshorn ragar 1.728 meter over havet og ligg i Hemsedal kommune. Fjellet er eit populært mål for både fotturistar og klatrarar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.