Annonse

Klimaprotestar i Europa, Australia og Asia

Streikande skuleelevar demonstrerer for klimaet i ei rekke land i Europa etter at protestbølgja på fredag byrja i Australia og Asia.

London, Köln, Stockholm, Helsingfors og Oslo er blant byane der skulestreikane er i gang. Tusenvis har samla seg ved Brandburger Tor i Berlin, der politiet på førehand venta 10.000 demonstrantar.

I Oslo talte statsminister Erna Solberg (H) til dei unge demonstrantane framfor Stortinget. Til saman er det fredag planlagt minst 1.623 protestar i 119 land.

Dei første vart haldne i Australia og New Zealand, der fleire titusen barn og unge deltok. Også i Japan og på Filippinane var det demonstrasjonar.

- Vi lærer for framtida. Men viss ikkje regjeringa prioriterer å gjere noko med klimaendringane, har vi inga framtid, sa 17 år gamle Zahra Radih i Australias hovudstad Canberra.

Skulestreikane for klimaet er inspirerte av den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg (16). Arrangørane reknar med at minst 1,6 millionar menneske deltok i den så langt største internasjonale protestaksjonen i rørsla 15. mars i år.

(©NPK)

Streikande skuleelevar demonstrerte for klimaet framfor Parlamentet i London fredag - nærmast samtidig som statsminister Theresa May kunngjorde at ho går av i kjølvatnet av det britiske brexit-kaoset. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB scanpix

Små og store barn deltok i klimademonstrasjonen framfor Parlamentet i London fredag. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB scanpix

Köln er ein av ein rekke europeiske byar der streikande skuleelevar fredag demonstrte med krav om meir effektive klimatiltak. Foto: Oliver Berg / DPA / AP / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) talte til dei klimastreikande barna og ungdommane utanfor Stortinget fredag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Klimastreikande barn og unge framfor den finske Riksdagen i Helsingfors. Foto: Vesa Moilanen / Lehtikuva / AP / NTB scanpix