Knotten tangerte karrierebeste – dei norske stjernene skuffa

Karoline Knotten klinka til og tok tredjeplassen under skiskyttarsprinten i Otepää fredag. Det er tangering av det beste resultatet frå 27-åringen i karrieren.

Knotten leverte forrykande på standplass og gjekk ut med elleve sekunds leiing på Julia Simon etter den andre skytinga. Det forspranget viste seg å bli for tøft å halde på.

Vingrom-jenta gjekk det ho var god for mot slutten og kjempa seg inn på tredjeplass, 1,8 sekund bak tyske Vanessa Voigt. Franske Simon vann.

Ingrid Landmark Tandrevold hadde éin bom på dei to skytingane sine og gjekk i mål til andreplass, men vart seinare flytta nedover på resultatlista og er på ein førebels femteplass.

Marte Olsbu Røiseland fekk éin bom på første skyting. På ståande gjentok ho det, og var dermed ute av sigerskampen med endå ein 150-meterrunde etter skyting. Hennar næraste konkurrent til å vinne verdscupen samanlagt, Elvira Öberg, kom seg inn like føre Froland-utøvaren og heldt med det oppe spenninga om sigeren med fire verdscuprenn igjen.

Røiseland er førebels nummer ti i Otepää-rennet med Tiril Eckhoff på plassen bak.

Verdscuphelga i Estland held fram med fellesstart laurdag. Søndag er det blanda stafett og parstafett på programmet.

Verdscupen blir avslutta i Holmenkollen frå 17. til 20. mars.

(©NPK)

Ingrid Landmark Tandrevold vart beste norske under fredagens sprint i Otepää. Her frå stafetten i Kontiolahti sist helg. Foto: Vesa Moilanen / Lehtikuva via AP / NTB