Knusande siger for Carlsen over Mamedijarov

(NPK-NTB): Magnus Carlsen var ustoppeleg og slo Sjakhrijar Mamedijarov frå Aserbajdsjan i den nest siste runden av Qatar Maters måndag.

Aserbajdsjanaren takka for seg etter berre litt over to timars spel. Han gjorde ein stor feil i opninga og Carlsen med svarte brikker utnytta tabben og hadde få problem med å ha slå Mamedijarov for fjerde gong på rad.

– Dette gjekk lettare enn eg trudde. Eg er sjølvsagt veldig nøgd, sa Carlsen til Sjakkbloggen.

Carlsen forklarer det relativt kjappe paritet slik: – Eg gjorde eigentleg berre naturlege trekk. Så kollapsa han ganske fort, sa nordmannen.

Med sigeren har han moglegheita til å gå til topps i heile turneringa. Han vil mest sannsynleg leie turneringa aleine med 6,5 poeng før siste runde tysdag. Der kan han møte tidlegare erkerival Vladimir Kramnik.

– Det hadde vore fint å møte Kramnik med kvit, sa Carlsen. (©NPK)

Annonse