Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Knut Ivan Rasmussen (44) gjekk onsdag ettermiddag i land i Bergen etter å ha lagt bak seg ein symjetur på 700 kilometer.
vaktsjef@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 17.08.2022 kl 15:41
Ingen andre har før sumt rundt heile kysten frå Oslo til Bergen, melder NRK.
Klokka 14.55 «klappa» 44-åringen til kai ved Zachariasbryggen i Bergen.
På veg inn Vågen vart han helsa av skipsfløytar, vassprut frå brannbåten, applaus og heiarop frå folk på kaiene. På brygga stod venner og skodelystne for å ta imot rekordsymjaren.
– Det kjennest heilt fantastisk, sjølvsagt, men òg litt rart. At Bergen stiller opp på denne måten, det tek kaka, sa Rasmussen til NRK.
Han kunne mellom anna fortelje at det mest plagsame på turen var brennmaneter og bølgjer.
Knut Ivan Rasmussen starta symjeturen i Oslo fredag 1. juli. Onsdag klokka 12 byrja han på den aller siste etappen på manndomsprøva. Då sumde han dei siste 10 kilometrane inn til Bergen.
Den 44 år gamle psykologen og symjetrenaren har skrive masteroppgåve om frykta for å mislykkast. Symjeturen var eit slags eksperiment i forlenginga av det.
– Det er det sprøaste eg har prøvd på, og det mest ekstreme eg har gjort, sa Rasmussen då han hoppa i sjøen for ein og ein halv månad sidan.
Supersymjaren har ikkje vore på land på turen, men har berre vore om bord i følgjebåten mellom symjeøktene
(©NPK)
Knut Ivan Rasmussen «klappa» til kai i Bergen onsdag etter ein 70 mil lang symjetur. Foto: Marit Hommedal / NTB
Knut Ivan Rasmussen vart mest plaga av brennmaneter og bølgjer under dei 700 kilometrane sin lange symjetur frå Oslo til Bergen. Foto: Marit Hommedal / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.