Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Fylkesveg 558 ved marinebasen Haakonsvern i Bergen blei fredag formiddag stengd etter at det blei funne ein koffert som først blei kalla mistenkjeleg.
npk@npk.no
Publisert: 16.09.2016 kl 11:48
Sist oppdatert: 16.09.2016 kl 11:59
– Den er no avklart som hittegods, og vil bli handtert som hittegods. Vi opphevar sperringane på staden om kort tid, sa operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NTB i 11.45-tida.
Politiet blei kontakta av tilsette ved marinebasen like før klokka 11 og stengde fylkesvegen for å undersøkje kofferten.
– Når nokon ringjer inn og melder frå om noko sånt, så må vi undersøkje, spesielt når funnet er i nærleiken av ein marinebase. Men no blir det ikkje noko etterforsking vidare, seier Halleraker. (©NPK)