Annonse
Annonse
Annonse

Kokain i pakkar merka med hakekors funne i Peru

Politiet i Peru har beslaglagt eit parti med kokain, merka med hakekors og Hitlers namn. Narkotikaen var skjult i ei last med asparges som skulle til Europa.

Annonse

Dei 58 kilopakkene vart funne i ein konteinar om bord på eit Liberia-registrert lasteskip som låg ved kai i Paita nord in Peru. Skipet skulle til Belgia, ifølgje politiet.

Ifølgje amerikansk narkotikapoliti er Peru den nest største produsenten av kokablad og kokain i verda.

Mykje av kokainet blir smugla sjøvegen til Europa, anten direkte frå hamnar i Peru eller etter først å ha vorte frakta til Bolivia med småfly.

(©NPK)

58 kilopakker med kokain vart nyleg funne skjult i eit parti med asparges frå Peru. Pakkane var merkte med hakekors og Hitlers namn i relieff. Foto: Peruansk narkotikapoliti / AP / NTB