Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Det var kol-os, ikkje metangass, som gjorde TV-teamet og to barn sjuke under innspeling av eit barneprogram i Trondheim sist veke.
npk@npk.no
Publisert: 19.05.2016 kl 17:09
18 personar blei sende til St. Olavs hospital etter ulykka på eit pukkverk. No er det mykje som tyder på at det var CO-gass, kol-os, som har spreidd seg inn i tunnelløpet, opplyser politiet til NRK.
Kolos kan vere svært farleg ved høge dosar, og det er førebels ikkje klart kvifor kol-os spreidde seg i tunnelen der det gjekk føre seg TV-opptak.
– Det er ikkje uvanleg at det oppstår slik gass under sprengingsarbeid, men om det var årsaka er ikkje heilt avklart enno, seier etterforskingsleiar Grethe Fossum til NRK.
Seks av dei skada er knytt til NRK. I tillegg blei tolv personar, blant dei to brannkonstablar, to politibetjentar og seks frå helsevesenet, sende til sjukehus. NRK-teamet var på staden for å filme til barneprogrammet «Litt av ein jobb» der barn får prøve seg i ulike yrke. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.