Klargjør siden...

Kombinert: Protestane avvist – Norge vann

(NPK-NTB): Noreg vann den kombinerte stafetten føre Tyskland etter ein dramatisk innspurt i Schonach fredag.

– Tyskarane la inn protest på oss, og vi la inn protest mot dei. Begge protestane vart avviste av juryen, seier landslagstrenar Bjørn Kåre Ingebrigtsen til NTB.

Dermed gjekk Noreg til topps.

Jørgen Graabak var ankermann på det norske laget og slo tyskaren Fabian Riessle på den siste etappen. Tyskaren ramla på oppløpet da han prøvde å ta seg forbi nordmannen.

Det var kontakt mellom utøvarane, men Graabak var først inne på oppløpet og hadde dermed førsteretten til å velje korridor i spurten. Han valde den midterste – den ville også Riessle ha og deisa i bakken etter å ha kollidert med nordmannen.

– Eg er fantastisk fornøgd med at vi slår det beste tyske laget gjennom tidene i ein stafett. Det var god hopping og godt langrenn av alle gutane, seier Ingebrigtsen.

Magnus Moan, Jan Schmid og Magnus Krog gjekk på det norske laget i tillegg til Graabak.

Austerrike tok tredjeplassen, 22,2 sekund bak.

Tyskland leidde etter hoppinga, og Noreg hadde 24 sekund å ta igjen.

Magnus Moan tok igjen forspranget til Manuel Faisst på den første etappen, mens Jan Schmid og Magnus Krog heldt følgje med Eric Frenzel og Johannes Rydzek på etappane sine.

Frenzel sette bakkerekord med 107 meter i hoppet sitt, men han fekk mykje trekk både for vind og dårleg stil. (©NPK)

Annonse