Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Lærarstreiken gjer at kommunane og fylkeskommunane i landet «sparer» 24,3 millionar kroner i lønnsutgifter kvar dag.
Publisert: 22.09.2022 kl 20:31
Det viser berekningar TV 2 har gjort.
Ifølgje Utdanningsforbundet kostar ei lærarstilling rundt 3.000 kroner dagen, inkludert arbeidsgivaravgift og sosialutgifter på 35 prosent. Tala blir stadfesta av KS.
Før streiken vart trappa opp torsdag, var rundt 8.100 lærarar ute i streik i Noreg.
Bodø kommune sparer rundt 1,2 millionar kroner dagen i lønnsutgifter på streiken.
– Vi ønskjer ikkje denne streiken. Det at vi sparer nokre pengar no kan over tid vise seg og koste meir enn det vi sparer. Vi er opptekne av at ungane våre skal ha eit best mogleg tilbod på skulen, og der ligg hovudfokuset vårt, seier kommunedirektør Kjell Hugvik i Bodø.
Kommunen hans har valt å bruke nokre av pengane dei sparer på lærarstreiken på å opne fritidssenter, hallar og møteplassar for å aktivisere barne- og ungdom som er ramma av streiken.
(©NPK)
Kommunane og fylkeskommunane sparer store summar på lærarstreiken. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK