Klargjør siden...

Kommunar får støtte til kampen mot radikalisering

(NPK-NTB): 62 kommunar og bydelar har fått innvilga støtte til prosjekt som skal førebyggje og motverke radikalisering og valdeleg ekstremisme. Støtta er ein del av regjeringas tiltakspakke mot terror.

– Tidleg innsats i lokalmiljøet er avgjerande for å lykkast med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme. Derfor er det gledeleg å sjå at mange kommunar arbeider med eit breitt spekter av tiltak, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) i ei pressemelding.

Til saman 10 millionar kroner skal fordelast på 17 ulike prosjekt. Mange av desse byggjer på allereie etablerte samarbeidsmodellar, og alle søkjarane i år har fått søknadane heilt eller delvis innvilga.

Erfaringane frå dei lokale prosjekta skal bidra til utviklinga av nye tiltak på nasjonalt nivå. Blant mottakarane som får mest støtte er 30 kommunar i Agder, bydelane Alna og Grünerløkka i Oslo, og Trondheim kommune.

– Søknadane i år ber preg av auka kompetanse innan førebygging av radikalisering, seier Anundsen.

Regjeringas tiltakspakke mot terror vart lansert i samband med revidert nasjonalbudsjett i fjor. (©NPK)

Annonse