Klargjør siden...

Kommuneoverlege i Nordland mellombels suspendert

(NPK-NTB): Statens helsetilsyn har suspendert kommuneoverlegen i Rødøy i Nordland. Legen er tiltalt for uprovosert, grov vald.

Han må møte i retten tiltalt for å ha knust ansiktet til ein annan mann natt til søndag 1. november i fjor på utestaden Hall Toll i Stavanger, skriv avisa Rana Blad.

Mannen blei mellombels suspendert for eit halvt år 28. juni, etter at tiltalen mot han blei kjent for Statens helsetilsyn 3. juni via Nordland politidistrikt, skriv Avisa Nordland.

– Statens helsetilsyn finn det tilstrekkeleg sannsynleg at du har gjort handlinga du er tiltalt for, heiter det i vedtaksdokumentet.

I tillegg går det fram av dokumentet at tilsynet ser på legen som til fare for tryggleiken i helse- og omsorgstenesta.

Fylkesmannen i Nordland har tidlegare oppretta tilsynssak mot overlegen, etter klagar frå både pasientar og andre legar. Denne saka er framleis til behandling.

Kommunelegen har arbeidet med avgrensa autorisasjon sidan februar i fjor fordi Statens helsetilsyn i januar 2014 konkluderte med at han blant anna hadde forfalska reseptar.

Saka han er tiltalt for etter valdshendinga i november i fjor skal opp i Stavanger tingrett i haust.

Fleire medium har bedt kommuneoverlegen om tilsvar, men opplyser at dei ikkje har fått tilbakemelding frå legen sjølv eller hans advokat. (©NPK)

Annonse