Kommuneoverlege tiltalt for grov vald

(NPK-NTB): Ein mann i 40-åra er tiltalt for å ha slått ein annan mann i ansiktet på ein utestad i Stavanger sentrum i november i fjor, ifølgje Stavanger Aftenblad. Tiltalte er kommuneoverlege i Nord-Noreg.

Kommuneoverlegen, som er busett i Stavanger, skal ha slått ein annan mann i ansiktet på utestaden Hall Toll i Stavanger sentrum natt til 1. november i fjor. Slaget var utan grunn og svært kraftig, meiner påtalemakta. Den fornærma blei påført fleire brotskadar på blant anna kinnbeinet, nasebeinet, augehola og i kjeven, og fekk også hjerneristing.

Mannen blei sikta for kroppsskade i desember i fjor. Han har ikkje vore varetektsfengsla, opplyser politiadvokat Øyvind Haukland i Sør-Vest politidistrikt til avisa.

Haukland stadfestar at tiltalte er kjent for politiet frå tidlegare, og at han er medlem i ein MC-klubb som sjølv definerer seg som lovlaus.

Den tiltalte er altså busett i Rogaland, men er kommuneoverlege i Nord-Noreg. (©NPK)

Annonse