Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dei tilsette i Tønsberg kommune får ikkje tilbake fridagen på sankthansdagen, har Tønsberg tingrett bestemt.
npk@npk.no
Publisert: 26.08.2016 kl 14:13
Ti fagforeiningar i Tønsberg gjekk rettens veg for å få tilbake fri sankthansdagen, som dei mista i 2010. No har Tønsberg tingrett frikjent kommunen – og dei tilsette må betale sakskostnader på 97.063 kroner, fortel NRK.
Tidlegare hadde alle kommunetilsette i Tønsberg bortsett frå dei som jobbar i skule- og helsesektoren, fri 24. juni.
I 2010 vart ordninga avskaffa, i staden fekk dei tilsette ein ekstra fridag dei skulle bruke på helsefremjande tiltak. Denne avtalen vart avvikla i 2014, og då meinte dei kommunetilsette at dei skulle ha tilbake fri på sankthansdagen.
I dommen står det at retten ikkje fann avgjerda spesielt vanskeleg. Retten meiner også at den økonomiske betydninga for tilsette i Tønsberg kommune er liten, og at tilsette i betydeleg grad kan ta fri sankthansdagen ved avspasering. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.