Kommunikasjonssjefen i Frp byter beite
(NPK-NTB): André Melchior Larssen sluttar som kommunikasjonssjef i Framstegspartiet og blir kollega med tidlegare Ap-statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i PR-byrået Rud Pedersen.
Larsen gav beskjed om at han sluttar tysdag denne veka og gjekk samtidig ut av den inste sirkelen i Framstegspartiet, fortel Dagens Næringsliv.
– Timinga er god. Det er etter eit val og god tid til neste val. Frp har god tid til å finna ein etterfølgjar som kan vera 100 prosent klar til neste val, seier Larssen til avisa.
Kommunikasjonssjefen, som også er kjend som Elvis-imitator og karaokeartist, seier han held fram med å vera medlem i Frp og at han ikkje ser bort frå ein retur til partiet. (©NPK)