Annonse

Kong Charles fekk varm velkomst i Wales

Kong Charles og dronning Camilla er fredag i Wales, der dei vart møtte av begeistra walisarar med både britiske og walisiske flagg. Men ikkje alle er fornøgde.

Anti-monarkistar har trua med å demonstrera under besøket, men førsteminister i Wales Mark Drakeford, som sjølv er ein erklært republikanar, trur eventuelle protestar vil gå roleg føre seg.

– Eg trur ikkje at dette er veka for å føra debatten opp, men folk har rett til det, sa Labour-politikaren til BBC fredag.

– Eg trur det vil bli gjort på ein tilbakehalden måte, og det vil vera ein fotnote i kjenslene som pregar dagen, la han til.

Prinsetittel

Charles har heilt sidan han var ni år, hatt tittelen prins av Wales. Den fekk han av mor si i 1958. Først elleve år seinare vart han formelt innsett og krona i ein TV-send seremoni.

Sist fredag gav han tittelen vidare til son sin William, medan Williams kone Kate vart prinsesse av Wales.

I fleire hundre år har det vore ein tradisjon å gje tittelen vidare til den neste tronarvingen når Storbritannia får ein ny monark. Men i Wales er ikkje alle like fornøgde med ordninga.

Rundtur

Besøket finn stad samtidig som britiske styresmakter er i full gang med å førebu statsgravferda til dronning Elizabeth i Westminster Abbey måndag.

Med besøket i Wales har Charles vore i alle dei fire nasjonane som utgjer det britiske kongedømmet – Storbritannia, Skottland, Nord-Irland og Wales – etter at han vart utropt til konge.

(©NPK)

Kong Charles under ei minnegudsteneste for dronning Elizabeth i Cardiff i Wales. Foto: Jacob King / PA / AP / NTB

Kong Charles og dronning Camilla ved Llandaff-katedralen i Cardiff. Foto: Jacob King / PA / AP / NTB

Velkomen til Wales, står det på walisisk på plakaten til desse gutane som venter på at kongeparet skal koma til Cardiff. Foto: Frank Augstein / AP / NTB

Annonse