Klargjør siden...

Kong Harald gratulerer den kinesiske presidenten med attval

Kong Harald gratulerer den kinesiske presidenten Xi Jinping (69) med attval til sin tredje femårsperiode som president.

– Eg vil sende varme tankar til deg og familien din etter at du vart attvald som president, heiter det i gratulasjonen frå Kong Harald til den kinesiske presidenten.

Vidare uttrykte han håp for det kinesiske folks velferd og velstand.

Xi Jinping fekk nyleg fem nye år som den kinesiske presidenten. Attvalet skjedde i Folkekongressen i Beijing fredag 10. mars.

(©NPK)

President Xi Jinping blir gratulert av Kong Harald. Foto: Andy Wong / AP / NTB

Annonse