Klargjør siden...
Annonse

Kong Harald om krig og prisauke: – Vi må stå saman

– I desse urolege tider treng vi det sunnmørske pågangsmotet, handlekrafta og optimismen, seier kong Harald.

– Med klimatruslar, krig i Europa og stor uro for aukande kostnader kan det vere lett å sjå litt mørkt på framtida, sa kong Harald då han talte til befolkninga i Sykkylven tysdag ettermiddag.

Han peika mot nettopp den regionen han besøkjer denne veka, som ein nyttig inspirasjon:

– Vi må stå saman og prøve å gi kvarandre styrke til å møte utfordringane. Då treng vi inspirasjon til ikkje å gi oss – og det kan vi få her på Sunnmøre, sa han.

Kongeparet er på ein tre dagar lang fylkestur i Møre og Romsdal, der dei besøkjer fem kommunar. Sykkylven kommune, som er kjend for møbelproduksjon, er stopp nummer to på turen.

I talen nytta kongen også høvet til eit lite skråblikk på bygda han besøkte:

– Då dronninga og eg kom seglande inn mot Sykkylven i ettermiddag, var det som om skuldrene senka seg litt. For det er ikkje ofte vi kjem til ein stad der nokre av dei største lokalkjendisane heiter Stressless, Siesta og Svane. Då såg i alle fall eg – eg har ikkje spurt dronninga – fram til eit relativt avslappa kommunebesøk etter min smak, sa kongen, og viste til kjende stolmodellar frå nettopp Sykkylven.

Kommentaren vekte humring frå publikum.

– Samtidig er vi jo på Sunnmøre, og sunnmøringane er ikkje mest kjende for å vere veldig bedageleg innretta, la han til.

(©NPK)

Kong Harald talte ved utescena på Kyrkjeplassen i Sykkylven på den første dagen av det tre dagar lange fylkesbesøket til kongeparet i Møre og Romsdal. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Kongeparet er på ein tre dagar lang fylkestur i Møre og Romsdal. Her blir dei tekne imot i Valldal i Fjord kommune tysdag. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Annonse