Annonse

Kongehuset deler nytt bilete av prins Sverre Magnus før 18-årsdagen

Denne helga feirar prins Sverre Magnus 18-årsdagen. Feiringa blir mindre offisiell enn då søstera, arveprinsesse Ingrid Alexandra, vart 18 i fjor.

Då Ingrid Alexandra fylte 18 år i fjor, vart det invitert til fleire storstilte feiringar. Då heldt kongeparet gallamiddag på Slottet, og regjeringa inviterte til eit digert kalas på hovudbiblioteket i Oslo.

I tillegg var prinsessa på besøk både på Stortinget, hos Høgsterett og på Statsministerens kontor.

– Det er heilt naturleg at prins Sverre Magnus får ei mindre offisiell feiring enn søster si, då den offisielle rolla hans er ein heilt annan enn hennar. Ho skal overta trona ein gong i framtida, seier Se og Hørs kongehusekspert Caroline Vagle til Dagbladet.

Offisiell lunsj

Prins Sverre Magnus blir likevel feira av det offisielle Noreg. Det skjer når kong Harald og dronning Sonja inviterer til offisiell lunsj på Slottet fredag denne veka.

I tillegg til familien, er representantar frå det offisielle Noreg, ungdomsorganisasjonar og fadrar inviterte til lunsjen, skriv kongehuset.

Fadrane til prinsen er dronning Sonja, dronning Máxima av Nederland, kronprins Pavlos av Hellas, prinsesse Rosario av Bulgaria, Espen Høiby, Bjørn Stensland og Marianne Gjellestad.

Sjølve bursdagen er søndag 3. desember. Då blir det ei privat feiring, får NTB opplyst, men Slottet vil ikkje seie noko meir om desse planane.

Nummer tre i arverekkja

Prins Sverre Magnus vart fødd 3. desember 2005 på Rikshospitalet i Oslo. Prinsen er den tredje i arverekkja til trona etter faren, kronprins Haakon og søstera, prinsesse Ingrid Alexandra.

Han går for tida i tredje klasse på Elvebakken vidaregåande skule i Oslo, og skal dermed vere russ til våren.

– Prinsen liker ski, i første rekke alpint, og sykkel – BMX og cross. Han deler også gleda over vassport, og kanskje spesielt surfing, med resten av familien, skriv kongehuset i den offisielle biografien.

(©NPK)

Prins Sverre Magnus 2023 fotografert på Skaugum i samband med 18-årsdagen 3. desember 2023. Foto: Dusan Reljin / Det kongelege hoffet / NTB

Prins Sverre Magnus og prinsesse Ingrid Alexandra fotografert i Sør-Varanger kommune i juli i år, då kronprinsfamilien segla med kongeskipet Norge langs kysten av Finnmark. Foto: Jan Langhaug / NTB

Prinsesse Ingrid Alexandra saman med prins Sverre Magnus og hunden Milly Kakao i samband med kronprins Haakons 37-års dag i 2010. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB