Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Professor Kjetil Taskén ved Universitetet i Oslo får Kong Olav Vs kreftforskingspris for 2016. Han blir heidra for arbeidet med immunterapi.
npk@npk.no
Publisert: 09.03.2016 kl 11:04
Prisen på 1 million kroner blir overrekt av kong Harald på vegner av Kreftforeningen i Oslo 6. juni.
Kjetil Taskén er direktør ved Bioteknologisenteret og ved Norsk senter for molekylærmedisin (NCMM). Ifølge grunngjevinga har han i stor grad bidratt til forståinga av immun-onkologi, arbeid som vil bli endå meir relevant i utviklinga av neste generasjon immunterapi.
– Nokre gonger skrur immunforsvaret vårt av evna til å kjenne att og drepe kreftceller i kreftsvulstar som veks. Vi prøver å finne ut kvifor – og korleis vi kan få mekanismane i gang igjen, forklarar prisvinnaren sjølv.
– Eg vart veldig glad for å få vite at eg får prisen. Kong Olav Vs kreftforskingspris heng veldig høgt og eg kjenner det som ei ære å skulle ta imot prisen. Pengane vil komme veldig godt med i den forskinga mi forskingsgruppe gjer, fortset han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.