Kongen delte ut forskingsprisar

Kong Harald overrekte torsdag prisar for hjarte- og demensforsking til professor Eva Gerdts og professor Betina Husebø. Det er første gong to kvinner får prisane.

Nasjonalforeningen for folkehelsens to forskingsprisar vart overrekte på Det Norske Teatret i Oslo under ei tilstelling torsdag.

  • Professor Eva Gerdts vart tildelt Hjerteforskningsprisen.
  • Professor Betina Husebø vart tildelt Demensforskningsprisen.

Bettina Husebø er leiar ved Senter for alders- og sjukeheimsmedisin ved Det medisinske fakultetet, Universitetet i Bergen. I grunngivinga til juryen heiter det at ho har bidrege til banebrytande arbeid med å skape merksemd på eit fagfelt som lenge har vore neglisjert; smertelindring hos personar med demens.

Eva Gerdts er ein av Noregs fremste ekspertar innan hjartesjukdom og kjønnsforskjellar. Juryen skriv at forskinga hennar har bidrege til auka innsats for å finne ut meir om sjukdommen. Ho har mellom anna publisert forsking som viser at éin av to kvinner ikkje får behandling som verkar ved hjartesvikt.

Forskingsprisane er ei anerkjenning og påskjønning som blir gitt til ein forskar eller forskingsgruppe i Noreg på grunnlag av betydelege resultat innan demensforskinga og hjarte- og karforskinga.

(©NPK)

Professor Eva Gerdts (venstre) fekk Hjerteforskningsprisen og professor Betina Husebø fekk Demensforskningsprisen under utdelinga av forskingsprisane til Nasjonalforeningen for folkehelsens forskningspriser 2022.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Kong Harald var torsdag til stades ved utdelinga av Nasjonalforeningen for folkehelsens forskningspriser 2022. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB