Kongen inspiserte Garden

(NPK-NTB): Kong Harald inspiserte hundrevis av paradekledde gardistar i Huseby leir fredag.

– For oss i Garden er det ei stor ære at kongen tek seg tid til å besøkja sin eigen livgarde kvart år. Garden er den einaste militære avdelinga kongen inspiserer på denne måten, og det gjer oss stolte, seier oberstløytnant Jan Fredrik Geiner, sjef for Hans Majestet Kongens Garde.

Etter inspeksjonen deltok kongen på ein paradelunsj i befalsmessa. Kronprinsen var også til stades under inspeksjonen av garden.

I år gjekk utmerkinga «Kongens ur» til Orhan Sanlioglu i patrulje- og skarpskyttertroppen. Utmerkingar går kvart år til ein gardist som har utmerka seg innan feltdisiplinar, vakt og haldningar.

Løytnant Cecilia Frølandshagen, troppssjef tropp 1 på Gardeskolen, fekk Gardens æresbevisning under inspeksjonen til kongen. Æresbeviset som er ein sabel, blir delt ut som ei utmerking på uvanleg godt leiarskap.

Frølandshagen er den første kvinna som får denne utmerkinga.

(©NPK)