Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Bibiana Piene): Besøket på det nye mottakssenteret for asylsøkjarar i Råde i Østfold gjorde inntrykk på kongeparet. – Vi må gjere det vi kan for å hjelpe dei, slår kong Harald fast.
npk@npk.no
Publisert: 21.10.2015 kl 14:35
Kongen minner om at Noreg ved minst to høve har nytt godt av at andre har tatt imot norske flyktningar.
– No må vi vise kva som bur i oss, seier han.
Kongeparet besøkte onsdag mottakssenteret for asylsøkjarar i Råde i Østfold. Senteret vart opna sist fredag.
Der vart dei helsa velkommen av blant andre justisminister Anders Anundsen (Frp) og sjefen for Utlendingsdirektoratet (UDI), Frode Forfang.
– Det er heilt sjølvsagt. Det må ein, seier dronning Sonja.
Ho er spesielt imponert over samarbeidet mellom dei ulike etatane som har vore med på å stable mottakssenteret på beina på rekordtid i dei gamle Smart Club-lokala i Råde, og ho peikar på at det er mange element som må på plass for å få alt til å gli så effektivt og skånsamt som mogleg.
Eit spesielt inntrykk gjorde møtet med ein flyktningfamilie frå Irak med fire barn og eitt på veg.
– Dei hadde komme hit med eit ønske om at barna kunne vakse opp her med god skule og moglegheita til eit verdig og godt liv. Det er rørande, seier dronninga. (©NPK)