Annonse

Kontrollkomiteen avsluttar sak mot Solvik-Olsen

(NPK-NTB): Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) slepp sak i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i samband med skuldingane om at han skal ha pressa ein kommunikasjonssjef ut frå departementet.

Arbeidarpartiet fekk ikkje fleirtal for å opne sak mot Solvik-Olsen etter eit møte i komiteen tysdag.

– Eg meiner det framleis er spørsmål som ikkje er svart på og uvisse i saka. Vi ville sende nye spørsmål til statsråden. Forklaringane hans om kvifor kommunikasjonssjefen måtte slutte og forklaringane hennar står mot kvarandre, seier leiar i komiteen Martin Kolberg (Ap) til NTB.

Solvik-Olsen sende i januar eit sju sider langt svar til komiteen, som hadde stilt han ei rekkje spørsmål om konflikten med tidlegare kommunikasjonssjef Anne Marie Storli.

– Saka handlar om ei personalsak og eit samarbeidsforhold som ikkje har vore godt nok, sa Solvik-Olsen til NTB etter å ha sendt svaret til komiteen.

Han avviste at han skal ha søkt partipolitisk assistanse frå byråkratane i kommunikasjonsavdelinga.

Komiteen hadde i sitt brev vist til påstandar om at Solvik-Olsen har hatt ei aktiv rolle i å fjerne Storli frå stillinga. Blant spørsmåla han blei stilt, var korleis han ser på skiljet mellom politisk leiing og embetsverk, og om han har bede om partipolitisk assistanse frå kommunikasjonsavdelinga. (©NPK)