Annonse

Kontrollkomiteen samla for å diskutere Nav-skandalen

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité er samla for å stake ut vegen vidare i granskinga av Nav-skandalen.

I det første møtet om saka skal komiteen mellom anna velje ein saksordførar og bestemme om det skal haldast ei open høyring om saka med dei ansvarlege statsrådane.

Utvalet skal særleg sjå på rolla til departementet i saka, Navs og Trygderettens rolle og dessutan bakgrunnen for feiltolkinga av lova og EØS-reglane. Påtalemakta og Domstolane si handtering av sakene står òg sentralt for utvalet. Det skal i tillegg vurdere om praksis òg før 2012 må gjennomgåast.

SV har allereie spelt inn fleire spørsmål partiet meiner kontrollkomiteen bør stille statsråden i saka. 14 av spørsmåla går til arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, medan resten av dei går til justisminister Jøran Kallmyr (Frp) og Sivilombodsmannen.

Tidslinja i saka, korleis Hauglie vil sikre at urett blir gjort opp for, dialogen mellom Nav og departementet og kvifor ikkje påtalemakta vart varsla tidlegare, er nokon av spørsmåla SV vil ha svar på.

Partiet foreslår òg at kontrollkomiteen må krevje å få full oversikt over straffesakene og mengda offer for skandalen.

(©NPK)

Leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen Dag Terje Andersen (Ap) og dei andre medlemmene i komiteen møttest tysdag ettermiddag på Stortinget. Bildet er tatt ved ein tidlegare anledning. Foto: Berit Roald / NTB scanpix.