Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Talet på personar som har hatt mange nærkontaktar den siste veka, har falle. – Alle i Noreg tek eit ansvar for smittesituasjonen, seier helsedirektøren.
margunn.sundfjord@npk.no
Publisert: 13.01.2021 kl 18:35
Utviklinga kjem frå befolkningsundersøkinga Mindshare utfører for Helsedirektoratet kvar veke.
I undersøkinga opplyser 68 prosent å ha hatt éin til fem nærkontaktar den siste veka. Det er ein oppgang frå 45 prosent veka før. Talet for den siste veka er den høgaste delen som er målt sidan spørsmålet vart stilt første gongen i starten av september i fjor.
– Tala viser at vi alle i Noreg tek eit ansvar for smittesituasjonen. Vi held avstand og har færre nærkontaktar, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.
Samtidig har delen med 6–20 nærkontaktar gått drastisk ned, frå 48 til 19 prosent. Det er den lågaste delen som er målt.
94 prosent oppgir at dei følgjer råd og retningslinjer frå styresmaktene. Dette talet har vore stabilt over lang tid. Blant dei yngste i undersøkinga, i alderen 16–24 år, er talet 86 prosent.
(©NPK)
Bodskapen om å halde avstand er tydeleg overalt i samfunnet for tida. Foto: Gorm Kallestad / NTB