Kostbar Deila-flytting – får kritikk for «pokerfjes»-utsegner
Club Brugge skal ha betalt 25 millionar kroner til Standard Liège for å hente Ronny Deila som trenar. Det skriv fleire belgiske aviser.
Het Laatste Nieuws er eitt av media som melder dette. Deila slutta på dagen i Liège. Han hadde då ikkje avslutta sesong ein i ein treårskontrakt. Laget hans tapte tre kampar og spelte to uavgjort rett i forkant av Deila-avhoppet.
Standard-leiinga seier at Club Brugge opptredde korrekt i forhandlingane om Deila. 25 millionar kroner kjem inn på konto, men Standard må ut på ny trenarjakt.
Deila får litt kritikk i fleire aviser fordi han så seint som laurdag på det sterkaste tilbakeviste at han var på veg til Club Brugge og at det gjekk føre seg forhandlingar.
– Det som står skrive i avisene, er ikkje sant. Eg har ikkje nokon avtale med Club Brugge. Det har ikkje vore nokon kontakt mellom klubbane. Eg har ein kontrakt her (Standard) og er tilfreds. Eg veit ikkje noko om det som blir skrive i media. Det skaper uro rundt klubben, sa Deila laurdag.
Sportsdirektør Fergal Harkin sa torsdag at Deila hadde informert han for nokre veker sidan om interessa frå og samtalane med Club Brugge.
– Eg kjempa heilt til i går (onsdag) kveld med håp om å halde på han. Vi hadde ein plan over tre år, og eg synest han forsvann for tidleg, sa Harkin.
Nordmannen har vunne titlar både i Strømsgodset, Celtic og sist New York City FC.
Club Brugge ligg sist i A-sluttspelet i belgisk fotball. Deila blir den sjette trenaren i klubben på dei tre siste åra. Han har skrive ein kontrakt på tre år.
(©NPK)
Ronny Deila får kritikk i belgiske medium. Foto: Christoffer Andersen / NTB