Annonse

Kosuke Kinoshita har signert for Stabæk

Stabæk-trenar Jan Jönsson har henta den gamle spiss-eleven sin Kosuke Kinoshita til Nadderud

Stabæk melder om overgangen måndag formiddag.

Den japanske 24-åringen kjem frå belgiske St. Truiden. Han spelte under Jan Jönsson i Halmstad.

- Han er ein veldig flink og dyktig trenar, og eg kjenner han godt frå tida i Sverige. Eg ønskte å jobbe med Jönsson igjen, så valet var ikkje vanskeleg, seier Kinoshita til nettsida til klubben.

Stabæk tapte søndag 1-2 i Bergen og ligg på 13.-plass i Eliteserien.

(©NPK)

Stabæktrenar Jan Jönsson har henta den japanske spelaren Kosuke Kinoshita til klubben. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix