Annonse

Kraftig auke av leiarlønningar i staten

Toppleiarane i 40 statlege selskap fekk eit solid lønnsløft frå 2016 til 2017. I snitt steig lønna med 6,5 prosent.

Det viser ein gjennomgang Klassekampen har gjort av statsbudsjettdokumenta til departementa.

I det same tidsrommet auka lønna for vanlege lønnsmottakarar med 2,5 prosent, ifølgje Teknisk berekningsutval (TBU).

I snitt auka leiarane lønna (inklusive bonusordningar, men unntatt pensjon) frå rundt 2,55 til drygt 2,725 millionar kroner - eller ein auke på 167.400 kroner, ifølgje Klassekampen.

Sjefen i det statlege kapitalforvaltningsselskapet Argentum, Joachim Høegh-Krohn, toppar lista med ei samla inntekt på 6.918.000 kroner. Det er fire gonger meir enn det statsminister Erna Solberg (H) har i lønn.

Nummer to på lista er konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft, som får drygt 6,2 millionar kroner i lønningsposen, mens NSB-direktør Geir Isaksen har ei samla godtgjering på nærmare 4,9 millionar kroner.

(©NPK)

Toppleiarar i staten fekk eit mykje større lønnsløft frå 2016 til 2017 enn vanlege lønnsmottakarar, ifølgje Klassekampen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix