Klargjør siden...

Kraftig fall i sysselsettinga blant unge

(NPK-NTB): På eitt år er det blitt 22.000 færre unge i arbeidslivet. Ein tøffare arbeidsmarknad gjer at fleire studerer – og dei studerer lenger.

Blant dei som er mellom 15 og 24 år gamle har sysselsettinga falle med 22.000 det siste året, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), ifølgje Aftenposten.

– Nedgangen i sysselsettinga kjem spesielt i aldersgruppa 20– 24 år, og den kjem hovudsakleg i gruppa som er i heiltidsjobb, opplyser seniorrådgjevar Erik Horgen i SSB.

Samtidig som færre er i jobb, er det fleire som oppgir at dei er under utdanning, viser arbeidskraftundersøkinga frå SSB. Statistikarane seier dei har sett liknande tendensar i andre periodar med lågkonjunktur. Også BI-professor Hilde C. Bjørnland trur dei to tinga heng saman.

– Mi gjetting er at nedgangen i sysselsette kjem av at det er blitt vanskelegare å få jobb. Det gjer at fleire vel å ta utdanning, seier Bjørnland, som er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi. Ho oppfordrar studentane til å vere bevisste når dei vel utdanning.

– Det er viktig at dei tar den rette utdanninga og ikkje berre driv rundt på universiteta eller høgskulane fordi dei ikkje fekk den jobben dei ville ha, seier ho. (©NPK)

Annonse