Klargjør siden...

Kraftig nedgang i hyttesalet

Trass i ein nedgang i hyttesalet på nesten 30 prosent så langt i år, held prisane seg på eit rekordhøgt nivå, ifølgje nye tal.

– Størst er nedgangen i fjellhytte-segmentet, der det vart selt 34,5 prosent færre hytter samanlikna med tilsvarande periode i 2021, seier Tone Krange, hyttesjef i DNB Eiendom.

Tal frå Prognosesenteret viser at hytteprisane likevel har halde seg på eit sterkt nivå, med ein vekst i medianprisane på 13,3 prosent, som er nesten dobbel så høg prisvekst som i bustadmarknaden elles.

– Det er innlandshytter som har den kraftigaste prisveksten så langt i år med ein oppgang på 28,2 prosent. For fjellhyttene, utanom alpinområda, stod prisane nærast uendra med ein vekst på 0,7 prosent. For hytter som ligg i eller i nærleik av alpinanlegga, var veksten på solide 6,3 prosent, seier Krange.

Med aukande bustadlånsrenter, rekordhøge straumprisar og matvarer som stadig blir dyrare, er det no forventa ei utflating av hytteprisane og ein nedgang i aktiviteten.

– Eg trur vi er på veg tilbake til normalnivåa vi hadde før pandemien då hyttemarknaden tok heilt av, seier hyttesjefen.

(©NPK)

Så langt i år har det vore ein nedgang i hyttesalet på nesten 30 prosent – men prisane held seg høge.
Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK

Annonse