Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Salet av personbilar med dieselmotor gjekk kraftig ned i juni i år. Samtidig auka salet av hybridbilar, ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken AS (OFV).
npk@npk.no
Publisert: 04.07.2016 kl 17:12
I juni i år hadde i overkant 31 prosent av alle nyregistrerte personbilar dieselmotor, mot ein del på 40 prosent i juni i fjor, viser OFVs oversikt over bilsalet i juni.
Trekkjer ein frå dieselhybridar hadde 0,6 prosent av dei nyregistrerte personbilane i juni i år dieselmotor, mens delen i 2015 var nær 40 prosent.
Personbilar med hybridrift har ein auke i juni. I alt vart det registrert 3.174 nye personbilar med hybriddrift. Det er 1.239 fleire enn i juni i fjor.
I juni vart det registrert 1.906 nye personbilar med såkalla nullutslepp. Det er 712 færre enn i juni i fjor. Blant alle nullutsleppsbilane som vart registrerte i juni, var det éin hydrogenbil. Resten var elbilar.
Til saman 13.681 nye personbilar vart registrerte i juni. Det er 526 færre personbilar enn i juni i fjor. Talet på nyregistrerte personbilar er 20 prosent høgare enn juni i dei førre ti åra. Det mest selde bilmerket hittil i år er Volkswagen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.