Klargjør siden...

Kraftig Sintef-kritikk mot Politidirektoratet

(NPK-NTB): Politifagleg avdeling i Politidirektoratet får kraftig kritikk på fleire område i ein Sintef-rapport.

Avdelinga har ansvaret for å gi styring til politiet i heile landet på område som straffesaker, etterretning, førebygging og forvaltning.

Ifølgje fagbladet Politiforum maktar politifagavdelinga og seksjonen i liten grad å fylle rolla som den sentrale fageininga for utvikling av metodar og praksis i politifaget. Dessutan blir det peika på at avdelinga og seksjonen i for liten grad evnar å sette retning, prioritere og organisere arbeidet mot eit framtidsretta norsk politi.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård seier til VG at han er einig i kritikken som blir omtalt i Politiforum.

Sintef fekk i 2014 i oppdraget med å evaluere avdelinga. Då hadde det gått to år sidan Gjørv-kommisjonen hadde peikt på manglande styring og retta peikefingeren mot haldningar, kultur og leiarskap i politietaten i kjølvatnet av 22. juli-hendingane.

No blir det altså peikt på mykje av dei same problema, og ein kultur som ikkje er endra sidan 2011. (©NPK)

Annonse