Annonse

Kraftige luftangrep mot syriske opprørarar etter sjølvmordsangrep

Syria og Russland har svart med kraftige luftangrep etter at opprørarar gjennomførte fleire sjølvmordsangrep mot regjeringsstyrkar i Hama nordvest i Syria.

Det opplyser syriske aktivistkjelder og Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) tysdag.

Sjølvmordsangrepa skal ha komme overraskande på dei syriske regjeringsstyrkane og allierte militsstyrkar.

Den ytterleggåande islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham skal ha stått bak angrepa, som skjedde på landsbygda i Hama-provinsen nordvest i Syria.

Ifølgje SOHR vart sjølvmordsangrepa følgd av over 90 luftangrep utførte av syriske og russiske fly. Desse var retta mot opprørskontrollerte område både nord i Hama, sør i Idlib-provinsen og i utkanten av provinshovudstaden Idlib by.

Minst tre personar vart drepne, ifølgje SOHR.

Offensiven mot det som er den siste store opprørsbastionen i Syria, starta i april. Sidan då har 443 menneske vorte drepne i Idlib og Hama, der 108 har vore barn, opplyser SOHR.

Opptrappinga skal òg ha drive over 300.000 menneske på flukt.

(©NPK)

Det brenn i byen Kfar Nubul sør i Idlib etter eit flyangrep 28. mai. Biletet er teke av organisasjonen Syriske kvite hjelmar, ein sivilforsvarsstyrke i opprørskontrollerte område. Foto: AP / NTB scanpix